Kommuneartiklar

rievdat

Hei, Bjoertvedt!

Kva meiner du med denne setninga?

Ullensaker mearrarádjesuohkanat leat Nittedal, Skedsmo, ja Sørum, ja eananrádjesuohkanat Fet. "Ullensaker.Nom havgrensekommuner er.PL N, S og S, og landgrensekommuner er.PL Fet"

Ullensaker skal stå i genitiv (Ullensakera), og Fet er berre ein kommune. Og kva sjø og land har her å gjere ser eg ikkje heilt. Tanken min no var å rette setninga di, men det er ikkje så lett, når eg ikkje forstår kva du har meint.

Vi som ikkje kan samisk kan godt hjelpe til, men helst ikkje med å legge inn feil. Det er mogleg å leggje nye ord inn i rammesetningar, men tenk på desse sjekkpunkta (jf. også meldinga på Kaffistova):

  1. Det er skilnad på nominativ (subjekt, predikativ) og genitiv/akkusativ (possessor, objekt)
  2. Det er skilnad på eintal og fleirtal. Subjekt i fleirtal gjev verb og predikativ i fleirtal
  3. Sjekk, gjerne her, og spør samiskkyndige

Det du har gjort med malverket (fylkesmalane) dei siste dagane er derimot glimrande ! Samisk Wikipedia har så få skribentar at vi treng all den hjelpa vi kan få, særleg når det gjeld tekniske ting. Men samiskspråkleg innhald må vi ha rutiner på å sjekke viss du skal legge inn. Trondtr (talk) 17:19, 15 miessemánu 2012 (UTC).