Sisdoallu sihkkojuvvon Sisdoallu lasihuvvon
Framlegg
Gurgadas 10:
 
== Velkomen! ==
Hei, 90.149.36.5, og velkomen til nordsamisk Wikipedia. Det er fint at du er her, er det noko nordsamisk Wikipedia treng, så er det gode krefter for å forbetre leksikonet. Med Unesco sitt urfolksspråkår gåande er det desto meir på sin plass. Med iverover 7000 artiklar er se wp ein av dei beste wp-versjonane på noko urfolksspråk. Bra er det likevel ikkje, av tre grunnar: 1. Folk skriv inn framandspråkleg tekst på sidene, 2. Mykje av den samisken som blir skrive er av dårleg kvalitet, med språklege feil eller i verste fall skrive av folk som ikkje kan samisk og som dermed kan finne på å skrive inn i prinsippet kva som helst, 3. Det er for få samiskspråklege skribentar her (= nesten ingen). Desse tre negative tendensane heng saman, og forsterkar kvarandre. Nordsamisk wikipedia nyt stor velvilje blant folk som ikkje har samisk som morsmål (som t.d. deg og meg), utfordringa vår er så å handsame velvilja vår på ein måte som ikkje gjer nordsamisk wikipedia dårlegare enn den allereie er. Det inneber at vi bør:
 
# la vere å skrive tekst på anna språk enn nordsamisk inn i artiklane. Poenget med nordsamisk Wikipedia er at den skal vere på nordsamisk
Gurgadas 25:
Nordsamisk wp har fleire døme på folk som ikkje kan samisk, men som allikevel har gjort ein god jobb her, og vi har ein del døme på det motsette. Utfordringa til oss ikkje-samiskspråklege er altså å bidra utan å øydeleggje. Så nok ein gong: Velkomen, og lukke til! [[Geavaheaddji:Trondtr|Trondtr]] ([[Geavaheaddjeságastallan:Trondtr|ságastallan]]) 12:10, 10 guovvamánnu 2019 (UTC).
:Interessant! [[Erenoamáš:Rievdadusat/90.149.36.5|90.149.36.5]] 14:27, 10 guovvamánnu 2019 (UTC)
::Her har du ei utfordring: Du kan t.d. klassifisere [https://se.wikipedia.org/wiki/Erenoamáš:Klassifiserekeahtes_siiddut desse sidene], dvs. legge dei inn under allereie eksisterande og relevante kategoriar. T.d. finn du kategorien for [[Bahtaráigi]] (tilfeldig artikkel!!) ved å klikke på iw-lenkja til nynorsk. Der ser du at den tilsvarande nynorske artikkelen er knytt til ein kategori (Anatomi) som (faktisk!) er knytt til ein samisk kategori (Anatomiija). Ergo bør den samiske artikkelen vi starta ut med bli knytt til same kategori. .. og tilsvarande for dei andre ukategoriserte artiklane. Her er [Siiddut, main eai leat giellaliŋkkat sidene som ikkje har interwikilenkjer]. Slik WP fungerer no er det nok å legge til ei iw-lenkje, så fiksar Mediawiki lenkjer til dei andre språkversjonane sjölv. Akkurat dette er svært viktig arbeid, fordi iw-lenkjene er det mest nyttige ved heile se wp. Innhaldet er langt frå noko å vere stolt av, men med iw-lenkjer er det mogleg å etablere ein god samisk terminologi, og få meir info om samiske tema på andre språk, eller råd om korleis ein (betre) artikkel om emnet skal formulerast på samisk. Metoden her er å søke på sidene på andre iw-versjonar. Dei fleste sidene her er på lista av ein god grunn: Det finst ikkje artiklar på andre wp-versjonar. Så fingerspitzgefühlen vil dermed finne dei sidene som finst på andre versjonar: Personnamn og ord du kjenner att (t.d. ikkjesamiske stadnamn) er gode kandidatar. [[Erenoamáš:Rievdadusat/129.242.131.140|129.242.131.140]] 12:13, 12 guovvamánnu 2019 (UTC).