Erohusat erenomáš siiddu «Mobildiff/287086» veršuvnnaid gaskkas

Velkomen
(Velkomen)
:The guidelines of wikipedia, are applicable to every user. Including myself.
:Improvements are expected from every user. Including myself. [[Erenoamáš:Rievdadusat/90.149.36.5|90.149.36.5]] 07:44, 10 guovvamánnu 2019 (UTC)
 
== Velkomen! ==
Hei, 90.149.36.5, og velkomen til nordsamisk Wikipedia. Det er fint at du er her, er det noko nordsamisk Wikipedia treng, så er det gode krefter for å forbetre leksikonet. Med Unesco sitt urfolksspråkår gåande er det desto meir på sin plass. Med iver 7000 artiklar er se wp ein av dei beste wp-versjonane på noko urfolksspråk. Bra er det likevel ikkje, av tre grunnar: 1. Folk skriv inn framandspråkleg tekst på sidene, 2. Mykje av den samisken som blir skrive er av dårleg kvalitet, med språklege feil eller i verste fall skrive av folk som ikkje kan samisk og som dermed kan finne på å skrive inn i prinsippet kva som helst, 3. Det er for få samiskspråklege skribentar her (= nesten ingen). Desse tre negative tendensane heng saman, og forsterkar kvarandre. Nordsamisk wikipedia nyt stor velvilje blant folk som ikkje har samisk som morsmål (som t.d. deg og meg), utfordringa vår er så å handsame velvilja vår på ein måte som ikkje gjer nordsamisk wikipedia dårlegare enn den allereie er. Det inneber at vi bør:
 
# la vere å skrive tekst på anna språk enn nordsamisk inn i artiklane. Poenget med nordsamisk Wikipedia er at den skal vere på nordsamisk
# la vere å skrive nordsamisk viss vi ikkje er 100% sikker på at det er rett. Jo meir tekst som er på dårleg samisk desto meir sannsynleg er det at dei samiskspråklege ikkje vil ta nordsamisk Wikipedia i bruk. For å setje saman t.d. namn + namnetype må vi t.d. kunne bøye namnet i genitiv (Tana = Deatnu men Tana kommune er ikkje "Deatnu gielda", men "Deanu gielda", osb, osb.).
 
Dette betyr ikkje at vi ikkje kan gjere noko på se wp. Med erfaring frå andre Wikipediaversjonar kan vi t.d.
* ordne interwiki-lenkjer
* legge til bilete frå commons (men ikkje med feil samisk i biletteksten!)
* ordne kategoriseringar (legge inn under eksisterande kategoriar analogt med kategorisering av tilsvarande artiklar)
* I sjeldne tilfelle kan vi også gjere noko med referansane i artiklane. Problemet der er at lenkjer til t.d. norskspråklege nettsider som regel ikkje er relevante, dei høyrer betre heime på dei norskspråklege sidene vi kan krysslenkje til frå se wp. Lenkjer til nordsamiske kjelder, lenkjer til relevant faglitteratur, og lenkjer som stør opp om eit faktum i teksten er derimot ok.
 
Viss du vil forstå innhaldet i ein se wp-artikkel kan du lime url-en inn [http://jorgal.uit.no her], ordbok (med klikk-i-tekst-funksjon) finn du [http://sanit.oahpa.no/ her]. Merk likevel at nordsamisk er eit språk der orda forandrar form etter kva funksjon dei har i setninga, og ord-til-ord-omsetjingar frå norsk til nordsamisk er noko av det verste vi kan gjere for denne wp-versjonen.
 
Nordsamisk wp har fleire døme på folk som ikkje kan samisk, men som allikevel har gjort ein god jobb her, og vi har ein del døme på det motsette. Utfordringa til oss ikkje-samiskspråklege er altså å bidra utan å øydeleggje. Så nok ein gong: Velkomen, og lukke til! [[Geavaheaddji:Trondtr|Trondtr]] ([[Geavaheaddjeságastallan:Trondtr|ságastallan]]) 12:10, 10 guovvamánnu 2019 (UTC).